Debatten tek utgangspunkt i høyringsutkastet (grønnboka) om reformen av EUs felles fiskeripolitikk og den breie konsultasjonsprosessen EU lanserte i april i år. Grønnboka er eit forsøk frå EU på å få til omfattande endringar i fiskeripolitikken. Den fastslår at EU på dette feltet ikkje har lukkast, spesielt med tanke på at det blir færre fisk i havet og at overkapasiteten i EUs fiskeflåte aukar.
Etter innleiinga frå kommissæren er det lagt opp til ein open debatt mellom miljøvernar, fiskarinteresser, medlemsland - og Noreg. I panelet deltek Uta Bellion, direktør for European Marine Programme of The Pew Environment Group, Barrie Deas, visepresident i Europêche, Mike Neilson, direktør i Marine Scotland, Scottish Government, og den norske EU-ambassadøren.