Bergensarar i Brussel

Sist oppdatert: 04.06.2009 // Anne Lorgen Riise og resten av finanskomiteen i Bergen kommune var denne veka i Brussel for å lære meir om EU. Som ein kunne vente stod finanskrisa øvst på dagsorden, men målet var også å lære om kva som finnast av moglegheiter innanfor EØS-avtalen.

Bergen kommune er éin av dei som bidreg økonomisk til Vest-Noregs Brusselkontor (VNB), eit av seks norske regionkontor i den belgiske hovudstaden. Kontoret er eigd av dei tre fylkeskommunene Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland, éin NGO og tretten kommunar på Vestlandet, deriblant Bergen kommune. Bergenske kommunepolitikarar representerer dermed nokre av dei mange interessentane i eit kontor som sit på mykje kunnskap om regionalt samarbeid og EUs regionalpolitikk.

- Besøket er først og fremst lagt til VNB sidan finanskomiteen står for tildeling av midlar til regionkontoret. For oss som kommunalpolitikarar er det interessant å lære meir om korleis kontoret arbeider, og det er vidare viktig å møte dei miljøa som er tilstades i Brussel, fortel komitémedlem  Anne Lorgen Riise frå Høgre.

VNB har kontor i Norway House, i same bygning som fleire andre norske aktørar. Det er også her den norske EU-delegasjonen held til. Utsendingar frå alle departement er tilsette ved EU-delegasjonen, som er den største utanriksstasjonen Noreg har. Hovudoppgåvene er å rapportere heimover om kva som skjer i EU-hovedkvarteret, og å bere fram norske synspunkt på viktige saker for Noreg.

Fokus på finans
Når ein finanskomité besøker Brussel representerer naturleg nok éit bestemt politikkområde ein viktig post på agendaen. Og med ei pågåande internasjonal finanskrise i tillegg, vart komiteen servert eit program farga av den verdsomspennande krisa. Komiteen møtte mellom anna EU-delegasjonens utsendte frå Finansdepartementet, Kari Anita Syverud, som kunne fortelje om den økonomiske utviklinga i EU, rammene for det økonomisk samarbeidet og tiltak som både har kome og ikkje har kome i forbindelse med den globale finanskrisa.

I løpet av dei to dagane i Brussel vart komiteen også oppdatert på EUs miljøpolitikk, og eit besøk i Europaparlamentet bidrog til meir kunnskap om Parlamentets utvikling og rolle i EU-systemet.

Oppdatering på EU og EØS
Opplegget var også sentrert om Noregs tilknytning til EU gjennom EØS-avtalen. Tor Eigil Hodne i EFTA-sekretariatet la vekt på det som er mogleg innanfor innanfor avtalen, mellom anna gjennom EU-program som Noreg kan delta i. Vidare gav Inge Hausken Thygesen frå EFTAs overvakingsorgan, ESA, ei innføring i deira rolle og arbeid i Brussel.

- Det finst moglegheiter for norsk påverknad innanfor EU-systemet. Dette potensialet kan kanskje betrast ytterlegare gjennom meir kunnskap om dei moglegheitene som finst. Ein kan nok påverke i endå større grad enn det ein gjer i dag, meiner Anne Lorgen Riise.

Komiteen møtte også fleire norske aktørar i Brussel, som Brusselkontora til NHO, LO og KS. I tillegg til ytterlegare finanskriseprat vart det her også høve til å oppdatere seg på KS sitt arbeid i Brussel, samt kva innverknader EØS-avtalen har på kommunesektoren.

- Det er spanande og ikkje minst viktig å lære meir om EU/EØS og dei moglegheiter og konsekvensar dette får for kommunane, seier Lorgen Riise.


Kilde: Bjørn Tore Erdal   |   Del på nettet   |   print