2009: Det europeiske år for kreativitet og innovasjon

Sist oppdatert: 23.03.2009 // 2009 er utpeikt av EU som det europeiske år for kreativitet og innovasjon. Under slagordet ”Imagine. Create. Innovate.” søkjer unionen å auke borgarane si bevisstheit om viktigheita av nyskaping for økonomisk, sosial og personleg utvikling.

Det europeiske året 2009 vart lansert 7. januar med ein seremoni i Praha, med deltakelse av Kommisjonspresident José Manuel Barroso og det tsjekkiske formannskapets statsminister Mirek Topolánek. Målet med året er å betre unionens nyskapingsevne på sikt.

Ynskjer meir kreativitet
”Europeiske år” har vorte nytta av EU sidan 1986. Åra er eit forsøk på å setje eit samfunnspørsmål på agendaen gjennom å oppmuntre til meir kunnskap og diskusjon om det gjevne temaet.  Medan 2008 var året for interkulturell dialog, vil nyskaping bli fremja i 2009. Inneverande år vil det bli arrangert kampanjar, seminar, møter og debattar rundt om i Europa for å fremje viktigheita av nyskaping. Det europeiske året 2009 gjer seg gjeldande på fleire politikkområde, frå utdanning og kultur til miljø, transport og energi.

Nyskaping som konkurransefortrinn
Eit europeisk år blir til som eit resultat av eit forslag frå Europakommisjonen, som i det vidare blir gjort gjeldande i fellesskap av Europaparlamentet og Rådet gjennom den såkalla medbestemmelsesprosedyren.

Ifølgje Europakommisjonen er nyskaping nøkkelen til å styrkje unionens konkurranseevne, noko som gjer det ynskjeleg å bevare temaet høgt på den europeiske agendaen også etter 2009. Innovasjon kan også representere eit viktig konkurransefortrinn om ein skal tru kommissær for utdanning, kultur og ungdom, Ján Figel'. Når finanskrisa er over, vil dei som har investert i kreativitet og nyskaping ligge føre andre, meiner slovaken.

Frå rundebordskonferansen i Praha. Foto: eu2009.cz

Finne leiar ambassadørar
I anledning året har det blitt utnevnt eit tjuetals ambassadørar beståande av næringslivsleiarar, forskarar og representantar for kreative yrke som dans og arkitektur. Gruppa vert leia av finske Esko Aho som var finsk statsminister tidleg på 1990-talet, og som i dag er nestleiar i telefonselskapet Nokia.

På ein rundebordskonferanse i Praha på lanseringsdagen for det europeiske år 2009 oppfordra Aho og dei andre ambassadørane europeiske statsleiarar til langsiktig satsing på nyskaping. Å bruke ressursar på utdanning og kreativ kapasitet bør vere den viktigaste prioriteten til EU-institusjonane og europeiske regjeringar, laud oppfordringa.

Det europeiske året 2009 kan sjåast i samanheng med Lisboastrategien som vart lansert i 2000, med den uttalte målsetjinga å gjere EU til verdas mest konkurransedyktige økonomi innan 2010.
 


Kilde: Bjørn Tore Erdal   |   Del på nettet   |   print