Ny mann på info

Sist oppdatert: 23.03.2009 // EU-delegasjonen har denne veka fått ein ny medarbeidar på informasjonslaget. Eirik Bergesen, som kom frå stillinga som ambassadesekretær, vil gå inn i informasjonsarbeidet fram til sommaren som assisterande informasjonsråd. -Dette er eit teikn på at vi prioriterer opp arbeidet med den utadretta verksemda frå EU-delegasjonen, seier ambassadør Oda Helen Sletnes.

Stillinga som lokalt tilsett informasjonsmedarbeider har vore ledig sidan januar, og er no utlyst med tanke på oppstart frå sommaren. I mellomtida vil altså ein av dei utsendte diplomatane som allereie er i Brussel, bli ein del av informasjonssatsinga.
 
Det er ikkje eit nytt felt Eirik Bergesen gjev seg i kast med på EU-delegasjonen. Presse- og informasjonsarbeid er det han har drive mest med - både i UD og tidlegare.
 
Før han kom til EU-delegasjonen, jobba han tre år som informasjonsrådgjevar i sekretariatet hos utanriksministeren. Det innebar mellom anna å jobbe som pressetalsmann i perioder. Han har også erfaring frå tre år ved ambassaden i Washington DC. Der var han ansvarleg for tidsskriftet "News of Norway" og nettsida Norway.org, den første ambassadesida med daglege oppdateringar og nyhendeartiklar.
 
Bergesen har studert samanliknande politikk ved Universitet i Bergen og har tidlegare jobba som journalist i Bergens Tidende og Nettavisen.
 
Nettsidene ved EU-delegasjonen er ein av dei viktigaste kanalane for informasjon om Norges forhold til EU. Ikkje berre om EØS, men om Schengen-samarbeidet og anna samarbeid mellom Norge og EU. Å ta i mot besøkande grupper frå Noreg er ei anna viktig oppgåve, og det er årleg omlag 5000 nordmenn som kjem på studieturar til Brussel og får foredrag ved EU-delegasjonen.

EU-delegasjonen vil i tillegg til den etter kvart innarbeidde "onsdagsbriefingen" for det norske miljøet i Brussel også arrangere andre typer seminar og konferanser. Dette blir det Eirik Bergesen som følgjer opp utover våren. Første onsdagsbriefing blir 1. april, med eit aktuelt tema, selsaka. Den dagen blir briefingen i lunsjen, sidan det er plenumssesjon i Europaparlamentet seinare på dagen.

 


Kilde: Rune Bjåstad   |   Del på nettet   |   print