Kommunal- og forvaltningskomiteen i Brussel

Sist oppdatert: 23.03.2009 // 5. og 6. mars var medlemer av Stortingets kommunal- og forvaltningskomité på besøk i Brussel. På programmet stod europeisk regionalpolitikk, samt spørsmål knytt til innvandring og asyl. Komiteen fekk over to dagar møtt mellom anna representantar frå Europakommisjonen og norske regionkontor i Brussel.

Det var eit tett program med presentasjonar og diskusjonar dei to dagane i Brussel. Komiteen møtte fagrådar, direktøren for sekretariatet for EØS-finansieringsordninga, Stine Andresen, samt representantar for Europakommisjonen, norske regionkontor og det europeiske flyktningrådet.

Byråkratar og euroskeptikarar
EU er i ferd med å utvikle ein eigen strategi for Østersjøregionen. Ann-Kerstin Myleus frå DG Regio introduserte komitemedlemene for Europakommisjonens arbeid med utviklinga av strategien, som også Utenriksdepartementet har kome med innspel til tidlegare. Myleus kunne fortelje om arbeidet med strategien frå planstadiet til eit eventuelt vedtak og gjennomføring. Det vert vidare opp til det svenske formannskapet som overtek formannskapet i Rådet 1. juli år arbeide vidare for at strategien skal bli vedtatt.

På programmet stod også den danske euroskeptikaren Søren Søndergaard, som er europaparlamentarikar med tilhald i partigruppa Det foreinte venstre. Frå parlamentshald stilte også norske Per Nestande, som er nasjonal ekspert i sekretariatet til komiteen for den indre marknaden og forbrukarvern (IMCO).

Kvifor ei grønbok om territoriell samhøyrigheit? Jean Peyrony frå generaldirektoratet for regionalsaker (DG REGIO) forklarte kvifor. Foto: Bjørn Tore Erdal

Møtte norske regionkontor
Alle landsdelar i Norge  er representert i Brussel, og kontora til Osloregionen, Vest-Noreg, samt Nord-Noreg nytta tida til å fortelje om kva konkrete opningar norske regionar og byar får ved å vere tilstades i Brussel. Dei synte mellom anna til moglegheiter for praktikantutveksling og deltaking i ulike EU-program. Dei kunne også fortelje at regionkontora kan spele ei rolle i politikkutforminga til EU, på område der dei har særskilt kompetanse.

- Om ein ynskjer å påverke må ein vere tidleg på bana, og då er det ingen som spør om ein er EU-medlem eller ikkje, var beskjeden frå leiaren for Osloregionens Brusselkontor, Vera Selnes.

Møtet med regionkontora representerte ein interessant post for dei norske politikarane.

- Vi hadde stor glede av å snakke med dei norske regionkontora, som kunne vise til konkrete eksempel på kva dei får ut av å vere tilstades her i byen, seier leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen, Tore Hagebakken (A).

Tre representantar frå norske regionkontor i Brussel. Frå venstre Vera Selnes (Osloregionens Europakontor), Rune Bakkevoll (Nord-Norges Europakontor) og Merete Mikkelsen (Vest-Norges Brusselkontor). Foto: Bjørn Tore Erdal.

Innvandring og asyl
Norske Bjarte Vandvik er generalsekretær i Det europeiske flyktningrådet (ECRE), eit råd for flyktningar og landflyktige. Han la fram korleis utviklinga av EUs asyl- og flyktningpolitikk ser ut frå hans ståstad som leiar for ein ikkje-statleg organisasjon. Han fremma mellom anna viktigheita av å ha europeiske reglar for asyl og innvandring, men peikte samstundes på dei vanskelegheitene som finst  med hensyn til dette. Tore Hagebakken meiner det er viktig å halde seg oppdatert på utviklinga elles i Europa.

- Det er viktig å følgje med på det som skjer i EU, og målet har vore å få ei oppdatering om korleis dei tenkjer her nede, og då særleg på regional- , asyl- og flyktningområdet. Dette er både interessant og relevant for det arbeidet vi gjer i Stortinget. Vidare er det viktig å følge med på det som skjer her, fordi mykje av det vi driv med vert påverka av vedtak som er fatta i Brussel, fortel komitéleiaren.

- EU har sett seg store ambisjonar for innvandrings- og asylpolitikken, og dei har store utfordringar om dei skal kome på plass med felles regelverk på dette området. Eit eventuelt felleseuropeisk regelverk er også noko som berørar oss, så her må vi vere med undervegs, seier Hagebakken.

Før sommaren kjem ei Stortingsmelding om migrasjon sett i eit europeisk perspektiv.


Kilde: Bjørn Tore Erdal   |   Del på nettet   |   print