Eitt år i Europaparlamentet

Sist oppdatert: 23.03.2009 // Per Nestande har vore eitt år som nasjonal ekspert i sekretariatet til Komiteen for den indre marknaden og forbrukarvern (IMCO) i Europaparlamentet. Her skriv han om eit lærerikt år, der han mellom anna har stifta kjennskap med den oransje kofferten…

Eg startar heldigvis det andre året med færre spørsmål om organisering, arbeidsrutinar og forkortingar enn eg hadde i fjor haust. Det er spennande å få eit innblikk i korleis medlemmane og partigruppene arbeider. Spennet i saker som er til behandling i IMCO er stort: Reglar for omsetting og oppbevaring av våpen, for produktplassering i fjernsyn og strategi for reduserte CO2-utslepp frå bilar er tre døme.

Tenestedirektivet er ei av dei viktigaste sakene i Parlamentet så langt i denne perioden og var ei sak der Parlamentet på alvor fekk markert seg som lovgjevar. IMCO vart oppretta etter at framlegget til direktivet var lagt fram. Mange av arbeidsrutinane i sekretariatet vart etablert gjennom arbeidet med direktivet og anekdotane knytt til prosessen er del av den felles identiteten i sekretariatet. Det er direktivet med mest merksemd, flest endringsforslag og lengst stemmeliste. Behandlinga av direktivet var i sluttfasen da eg starta, men prega dagsorden fram til vedtak i desember. IMCO er nå opptatt av gjennomføringa av direktivet, og har invitert Kommisjonen til å orientere om status seinare i haust.

Frå signeringa av tenestedirektivet i Strasbourg 12. desember 2006. Frå venstre: Evelyne Gebhardt, MEP, saksordførar, Mauri Pekkarinen,  finsk næringsminister på vegne av Rådet, Josep Borrell Fontelles, MEP, president for Europaparlamentet og Arlene McCarthy, MEP og leiar for IMCO.


IMCO har naturlegvis fokus på den indre marknaden, og er opptatt av forbrukar-spørsmål som komiteen også har ansvar for. Ikkje minst er mange medlemmar opp-tekne av at ein velfungerande indre marknad og god forbrukarpolitikk er to sider av same sak. IMCO følgjer derfor den pågåande gjennomgangen av 8 sentrale forbrukar-direktiv. Rapporten frå komiteen skal behandlast i Plenum den fyrste veka i september. Komiteen uttrykkjer støtte til ein kombinasjon av eit felles overordna direktiv og sektorspesifikke direktiv.

I sekretariatet kan ein nokre gonger bli så fokusert på stemmelister og utkast til innstillingar at ein mister av syne dei overordna sakene. Men medlemmar i Parlamentet viser eit stort engasjement på mange område, kanskje ikkje minst i høve til menneskjerettar. Parlamentarikarane er også opptatt av at den nye traktaten må styrke demokrati, innsyn og borgarrettar. Parlamentet var representert på regjeringskonferansen om traktaten i juli. I resolusjonen som vart vedteke i forkant av konferansen, uttrykker Parlamentet glede over at ein har eit mandat for det vidare arbeidet, men seier seg lei for at det ser ut til å svekke traktaten på enkelte punkt.

Ei arbeidsgruppe med medlemmer frå dei politiske gruppene vurderer nå tiltak for å reformere Parlamentet. Målet er både å betre det offentlege inntrykket av Parlamentet og å auke effektiviteten, inkludert organiseringa av arbeidet i komiteane og i plenum. Målet er å vedta endringar før valet i 2009.

Kommisjonen har i ei periode lagt få forslag og det er derfor ein del snakk om at det er rolege dagar i Parlamentet. Parlamentet har etterlyst framlegg på ein del område, men nyttar også høvet til å ta opp saker på eige initiativ og følgjer med auka interesse gjennomføringa av sentrale direktiv. Foreløpig er det derfor ikkje merkbar oppgåve-tørke!

Det er dessutan hyggeleg å merke seg at det er meir fokus på Parlamentet i Noreg. Europameldinga tok til orde for styrka kontakt og fleire parti har teke initiativ til meir dialog med dei politiske gruppene i Parlamentet. Ut i frå talet på norske grupper på besøk her i huset er det mange som nå vil vite meir. Kanskje har ikkje minst REACH og tenestedirektivet vore medverkande?

Og har eg sett noko til den oransje kofferten? Joda, eg har det. Dette er den boksen som dukkar opp utanfor kontordøra fredag ettermiddag før Strasbourg-sesjonane. Her legg vi ned papir og andre ting vi har bruk for i Strasbourg og kofferten blir transportert dit i løpet av helga. Uansett kva ein måtte meine om at Parlamentet pendlar mellom Belgia og Frankrike: Den oransje kofferten er nyttig så lengje det er slik.  


Kilde: Per S. Nestande   |   Del på nettet   |   print