Nye høgder for norsk sjømat

Sist oppdatert: 04.06.2009 // Trass i ei verdsomspanande finanskrise når eksporten av norsk sjømat stadig nye høgder. Men sjølv om eksportverdien aukar totalt, er det samstundes store utfordringar for næringa.

Eksportverdien av norsk sjømat var på heile 10,7 milliarder kroner i 1. kvartal 2009, viser tal frå Eksportutvalet for fisk. Dette representerer ein auke på 1,4 milliarder kroner eller 15 prosent sammenlikna med 1. kvartal i 2008. Sidan 2008 også var eit rekordår for sjømateksporten, kan ein trygt seie at 2009 har starta godt for fiskeeksporten. Medan ein skulle kunne forvente ein nedgong i prisen som følgje av det auka volumet, var dette ikkje tilfellet i årets tre første månander.

- Det at ein har ein auke i eksportvolumet, samstundes som ein har sett ein auke i prisen, er både spesielt og viktig for verdiauken, seier fiskeriråd Geir Evensen.

Gode tider for lakseksporten
Sjølv om verda opplev ei global finanskrise og svekka kjøpekraft, går det godt for norsk sjømateksport. Og det er mellom anna laksen som dreg opp tala. Eksportverdien av laks ved utgongen av mars var heile 19 prosent høgare enn i mars 2008, viser tal frå Eksportutvalet for fisk.

- Laksen gjer det godt, men det gjer også ørret og pelagisk fisk, slik som sild og makrell. Det er fleire faktorar som spelar inn til at eksportverdien er høg. Med hensyn til lakseeksporten har vi hatt ei forholdsvis svak krone samanlikna med euroen og dollaren. I fortsetninga vil det ved sida av valutautviklinga bli interessant å følgje utviklinga med omsyn til slaktevolum, samt situasjonen i Chile, kor dei har betydelege sjukdomsproblem. Dette vil vere viktige faktorar, seier fiskeriråden.

Auke i salet til USA
Problem i den chilenske laksenæringa har medført ein kraftig vekst i den norske lakseeksporten til USA. Så langt i år er verdien av lakseeksporten til USA på 206 millioner kroner, noko som ifølgje Eksportutvalet for fisk representerer ein auke på heile 168 prosent. At laks er eit prismessig godt middagsalternativ er òg ein viktig årsak til at salet aukar sjølv om verdsøkonomien slit.

- Folk må ha mat sjølv i krisetider. Ein årsak til den høge etterspurnaden er også at lakseprisen ligg i gjennomsnittssjiktet når det gjeld prisen på fisk og fiskeprodukt, forklarar Evensen.

Størstedelen av norsk laks går til den europeiske marknaden, med Frankrike som den største enkeltmarknaden. Utanfor EU er det Russland som representerer det største markedet for laks, og det tredje største totalt sett. Russland er jamvel eit viktig marked for ørret og pelagisk fisk. Eksportutvalet for fisk melder at silde- og loddeeksporten aldri har hatt høgare verdi i første kvartal enn i 2009.

Vanskeleg for kvit- og saltfisken
På den andre sida slit delar av torskesektoren, som opplev meir enn ei halvering i eksportverdien av saltfisk samanlikna med fjordåret. Dette visar seg særleg  i saltfiskeksporten til Portugal, kor verdien er redusert med meir enn tre fjerdedelar.

- Med hensyn til det portugisiske markedet har dei her hatt forholdsvis store lager av saltfisk. Desse lagera skal etter sigande snart vere tome, og då blir det spennande å sjå om det gjev åpningar for norsk saltfisk, seier fiskeriråden.

- Torsk er vidare eit høgt prisa produkt, og erfaringsmessig er det desse produkta som møter motbør i vanskelege tider. Det som også er litt spesielt er at norsk ressurskonservering har gjort at vi no har ein norsk torskebestand som er på topp. Torskekvotane i Barentshavet har auka med rundt 20 prosent i år. Når ein då ikkje får avsetnad på fisken råkar dette mange båtar og fiskemottak. Men torsken måtte ned i pris. Det vi ser no er at eksportvolumet aukar, og ein antar at dette er et resultat av den lågare prisen, forklarar Evensen. Fleire av produktkategoriane som for eksempel klippfisk og tørrfisk har likevel opplevd ein auke i eksportverdien, men felles for dei er at dette har skjedd til reduserte prisar.

Eksportutvalget for fisk investerer no ekstraordinære markedsføringsmidlar i fleire land, blant anna i Portugal, for å stimulere til auka omsetning av torsk og saltfisk. Korleis dette slår ut gjenstår å sjå. Ifølgje ekspertane går ikkje forbrukarane vekk frå å ete torsk, dei et berre mindre av denne fiskesorten i nedgangstider.  


Kilde: Bjørn Tore Erdal   |   Del på nettet   |   print