Verdas største sjømatmesse finn stad i Belgia. Parc des Expositions i Brussel er 28.-30. april vertskap for den årlege messa, som i eit par dagar i slutten av april samlar over 1 600 selskap frå nærmare åtti land. Fiskerieksportørar frå heile verda er representert på messa, som med besøk frå sjømatimportørar frå over 140 land representerer ein sentral møtestad for den norske sjømatnæringa.
På messeområdet finn ein bedrifter av ulik storleik, hovudsakleg innanfor fisk- og fiskemat, men også leverandørar av tenester og utstyr til sjømatnæringa. Nokon vel å slå seg saman og lage større standar, slik som på den store norske fellesstanden. Over femti norske aktørar marknadsfører seg på den største ”Noreg-standen” nokonsinne, og i tillegg deltek fleire store norske enkeltaktørar på messa med eigne, store standar.
På verdas største sjømatmesse samlar over femti norske aktørar seg under paraplyen "Seafood from Norway". Foto: Bjørn Tore Erdal
Norsk statssekretærbesøk
På messa tirsdag 28. juni var også statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet, Vidar Ulriksen. I regi av Innovasjon Norge og Eksportutvalet for fisk fekk statssekretæren ei omvisning på den norske fellesstanden, der han nytta anledninga til å samtale med dei norske utstillarane. Den årlige sjømatmessa i Brussel er ein viktig samlingsplass for aktørane i sjømatnæringa, og dermed også for Noreg.
- Sjømatsektoren er veldig viktig for Noreg, og det er derfor viktig at næringa er tilstades og møter kundar og marknadsaktørar innanfor sektoren, seier Ulriksen
Statssekretær frå Fiskeri- og Kystdepartementet, Vidar Ulriksen (i midten), besøkte sjømatmessa i Brussel. Her besøkjer han og departementsråd Jørn Krog (nr. 2 f.v.) finnmarksstanden saman med representantar for Innovasjon Norge. Foto: Bjørn Tore Erdal
Synlege nordmenn
Det er i den største hallen vi finn dei norske aktørane, og den norske fellesstanden som er sett opp med støtte frå Innovasjon Norge ruvar godt i lokalet. Med eit areal på godt over 1 000 kvadratmeter gjer den norske standen seg gjeldande i stor grad på messa. Og kvadratmetrane er godt utnytta - på taket finn ein ein norsk restaurant med plass til eit par hundre personar.
Trass i at enkelte delar av sjømatnæringa slit som følgje av dei vanskelege økonomiske tidene vi er inne i, var det ei offensiv norsk eksportnæring som møtte statssekretæren.
- Det er gledeleg å høyre at det er såpass stor optimisme i næringa, trass finanskrisa, Vidar Ulriksen.
Ulriksen nytta også besøket i Brussel til politiske samtalar med Michael Köhler, kabinettssjef hjå EUs fiskerikommissær Joe Borg, samt å til å delta på eit felles norsk-russisk forvaltningsseminar onsdag 29. april.