Filosofane Jürgen Habermas og Jacques Derrida ser unionen som ein naudsynt, global motpol til amerikansk hegemoni. Krefter på høgresida ser på USA som økonomisk rollemodell og konkurrent. Forholdet til USA er eit sårt punkt når det gjeld ein felles utanrikspolitikk.
Susan Tielkemeijer er 22 år og studerer i Nederland på tredje året. Ho kryssa Atlanteren i januar 2006 og har sidan budd i Utrecht i Nederland, der ho studerer internasjonal rett og politikk.
Først av alt, bur du i Nederland eller i Europa?
- I Nederland.
Kva seier du heime?
- Europa. Folk kjenner vanlegvis ikkje til Nederland, dei trur anten det er Danmark, eller nabolandet til Amsterdam, smilar ho litt flau.
Susan Tielkemeijer er amerikansk student i Nederland. Etter tre år i EU merkar ho lite til unionen i dagleglivet. (Foto: Nils Hallvard Korsvoll.)
Det er ikkje første gong Susan bur i Europa. I 2005 var ho på utveksling til Glasgow frå universitetet hennar i Pennsylvania for eitt semester. – Og då var det Europa eg fòr til, legg ho til. – Europa var ei einsarta masse for meg då, og Skottland var eit rimeleg alternativ der dei snakka engelsk.
Europa hadde freista Susan heilt frå ho var ung, fortel ho vidare. Dei klassiske stereotypiane i USA som ser europearar som meir sofistikerte, meir medvitne og meir opne for resten av verda gjorde sitt til at ho drog frå familie og vener i 2005.
Og møtte Europa forventingane dine?
- Vel. Susan dreg på det. – Både og. Det går vel an å seie at folk er folk, same kvar ein er i verda, seier ho forsiktig.
Ei openberring av kultur og intellekt verkar det ikkje som det var. Som ein parallell til amerikanarane sine berykta geografikunnskapar, fortel Susan at ho seinast sist veke måtte stadfeste at USA ikkje er EU-medlem når ho skulle ha frimerke til heimlandet. – Sjølv om folk her kanskje ser meir utover, så har dei fleste likevel eit ganske eurosentrisk syn på verda. Susan tek fram studiane sine innanfor internasjonal politikk som eit døme på det ho skildrar.
- I USA er internasjonal politikk det same som amerikansk utanrikspolitikk, med andre ord ganske monotont. Det same studiet her i Europa fokuserar på ei vestleg verd, der hovudaktørane er EU og USA. Her vert amerikansk politikk nytta som døme når ting skal kritiserast, medan europeisk politikk vert nytta for normative, framtidsretta analyser. Så alt i alt opererer europearar i ei større verd, men dei har som oftast beina solid planta på kontinentet, slår Susan fast.
Kva visste du om den Europeiske Unionen før du kom hit?
- Ikkje mykje, kjem det kontant frå Susan. – Eg hadde ei vag formeining om veksande alliansar og større politisk samarbeid, held ho fram.
Det nære økonomiske samarbeidet og den store graden av samkøyring vart ho først klar over då ho kom til Europa. Ho fortel vidare at når ein lærar om EU i amerikanske skular vert det skildra som eit prosjekt som prøver å kopiere den amerikanske unionen, å lage Europas Sameinte Statar. – Den generelle inntrykket er at dei europeiske landa byrja samarbeide då dei såg dei ikkje kunne konkurrere med USA kvar for seg. Nok eit døme på at alt som skjer i verda vert tolka i forhold til amerikansk utanrikspolitikk, smiler ho oppgitt.
Men er EU noko som vert snakka mykje om i USA?
- Nei, veldig lite. EU er jo framleis ikkje altfor relevant utanrikspolitisk, og først då vil det verte relevant for ’den jamne amerikanar’.
Og no, kva er EU for deg no?
- Frykteleg forvirrande! Med mange nivå, reglement og traktatar som eg nok aldri kjem til å bli heilt klok på, ler Susan. Ho ser no at EU-prosjektet er ein lang prosess utan fastlagd resultat, og som stadig vert gjenforhandla og avgrensa av medlemsstatane. - Eg ser jo at EU har mykje godt føre seg, samstundes som eg tykkjer til dømes prosessen rundt grunnlovea var urovekkjande.
På kva måte?
- Jo, måten Brussel fekk grunnlova inn bakdøra etter at han vart nedstemt i folkeavstemningar er ikkje akkurat det eg vil kalle demokratisk tankegang, forklarar Susan.
På det personlege planet er Susan usikker på kva EU har å seie for henne. – EU har veldig liten relevans for meg som privatperson. Bortsett frå dei opne grensene og den stadig sterkare euroen merkar eg lite til unionen, svarar ho. Ho fortel vidare at ho heller merkar unionen gjennom studiefordelar som ho ikkje har tilgong til sidan ho ikkje er EU-student, til dømes at dei europeiske studentane slepp alt styret med visum og må betale mindre skulepengar. Denne forskjellsbehandlinga gjer at ho til tider kjenner seg litt lite verdsett av systemet. – I USA er der mange stipend for å styrke den internasjonale profilen til universiteta, medan fokuset i EU ligg mest på Erasmus-programmet, seier Susan. – Det tykkjer eg er litt skuffande.
- Men alt i alt likar eg meg jo godt her, legg ho til avvæpnande.
Om ho kunne tenkje seg å jobbe i eller opp mot EU i framtida? Nei, det trur ho ikkje. – Eg har veldig få formeiningar om EU, eg har ikkje noko sterkt forhold til heile prosjektet. Difor er det mange andre internasjonale kanalar eg heller kunne tenkje meg å arbeide gjennom, forklarar ho. – Det er nok mest fordi EU er så lite til stades i kvardagen min at det heile vert veldig abstrakt, seier ho vidare. - Og etter det eg forstår har mange europearar same problem.
Til slutt; kva er det beste med EU?
At ein kan reise fritt mellom landa.
Og det verste?
Byråkratiet.