Valet på nytt Europaparlament er i gong, og piratane frå Sverige har medvind. Partiet ligg an til å kapre minst eitt sete i parlamentet, og klarar kanskje å lokke ungdomen og andre til valurnene denne søndagen. Dei unge kandidatane sine saker er først og fremst fildeling, patentrettar og retten til privatliv. Men listetoppen til piratane ynskjer ikkje at partiet først og fremst skal sjåast som talsmenn for illegal fildeling av opphavsbeskytta materiale. Neivel? Er dei ikkje piratar likevel? (Dagens Nyheter)
Sidan dei fleste partia i Slovakia har lova å forsvare landets nasjonale interesser i Europaparlamentet, er dei ikkje nådige mot partiet SMK, som representerer den ungarske minoriteten i landet. Partiet har blitt kraftig kritisert for å sette fokus på forholda til den ungarske delen av befolkninga. Det heiter seg at Slovakia i realiteten ikkje vil ha tretten parlamentarikarar i parlamentet, sidan ikkje alle representerer dei ”nasjonale” interessene. Det er tydelegvis fleire nasjonale interesser ute og går i Slovakia. Derfor er det kanskje bra at Europaparlamentet samlar nettopp europeiske parti og ikkje land? (Euractiv)
Debatt om europaparlamentsvalet i Slovakia kan saktens trengast. Ved sist valg møtte under 17 prosent av veljarane opp på valdagen. Peter Stastny, europaparlamentarikar og tidlegare kaptein på ishockeylandslaget tykkjer dette er ei skam, og håpar at fleire kjendisar skal gjere som han sjølv og kaste seg inn i europapolitikken. Også italienske Noemi Laetizia, som har vore altfor mykje i media i det siste, ser for seg ei mogleg karriere i politikken. Eller som ”showgirl”, sidan ho seier ho er fleksibel. Godt er det at ein kan ta seg fram i verda utan å måtte ha delteke på landsmøter sidan tidlege tenår. (BBC/Bild.de)
Når det er sommar i Europa må sykkelen fram, også for fengselsfuglar. I år skal det første Tour de France for fangar gå av stabelen, då nærare 200 innsette skal sykle frå Lille og 240 mil før dei endeleg kryssar mållina i Paris. Det blir truleg verken telt- eller hotellovernatting på dei syklande, sidan dei skal innom 17 ulike byar, alle med eit fengsel. Reglane for turen er forholdsvis enkle: hald deg i hovudfeltet, og kva du enn gjer – ikkje gå i brudd. (BBC)
Vi noterer oss også at Paal Frisvold, som er aktuell som kandidat til stillinga som ny leiar i Europabevegelsen, støttar LOs krav om å gjere ei vurdering av EØS-avtalen. I bloggen sin lanserer han ideen om å la aktørar i Sverige, England og Sveits vurdere EØS-avtalen, for å unngå at forutinntatte haldningar til EU-medlemskap skal farge vurderinga. Og dermed har han klart å hisse på seg Nei-folket. "Ikke nok med å insinuere at nordmenn bør ha EU til å bestemme i vårt eget hus, nå er vi også ansett for å være for dumme til å vurdere vårt eget beste." Det var kanskje ikkje dét Paal meinte, men vi ser fram til ein temperaturauke i EU-debatten om han blir ny leiar for Ja-rørsla... (e24)