Sjølv om det er ei eiga lita "avdeling" som har informasjon som ansvarsområde, tyder ikkje det at det berre er desse som driv med informasjon. Fagrådane sin kontaktinformasjon er tilgjengeleg under menypunktet Ansatte, og alle svarar gjerne på spørsmål – også frå journalistar.
Under Kalender finnast det ei oversikt over møter på politisk nivå mellom Norge og EU, både planlagte og gjennomførte slike møter. Informasjonen i kalendaren blir sendt ut som melding kvar fredag, og interesserte journalistar kan få tilsendt denne på epost. Påmelding til eudelinfo@mfa.no
Presse-punktet i venstremenyen inneheld EU-delegasjonens offentlege journal, som blir lagt ut dagleg.
Foredrag er ein viktig del av informasjonsverksemda, og utgjer ein verdifull direktekontakt med publikum. Mange av fagrådane brukar mykje tid på å halde foredrag for eksterne grupper. Infoteamet er ansvarleg for å koordinere dei mange besøkande gruppene. Meir enn 5000 nordmenn er innom EU-delegasjonen årleg.
Ta gjerne kontakt med oss!
Rune Bjåstad: rbj@mfa.no +32 2238 7492
Miriam Stackpole Dahl: msd@mfa.no +32 2238 7424