Om delegasjonen

EU-delegasjonen på plass i nye lokale

Flyttinga er fullført, og no er EU-delegasjonen på plass i nye lokale i Schuman 6. Men vi skal fortsatt ha Rue Archimède 17 som postadresse, og telefonnummera er også dei same som før.

02.05.2007 ::

BLIR I NABOLAGET: Det blir ikkje lange omvegen for den som vil besøke EU-delegasjonen i dei nye lokala, vi blir å finne rett over Schuman-rundkøyringa (midt i biletet), og Schuman er framleis næraste metrostasjon. Montasje: Erlend Engh Brekke/EU-delegasjonen 

Frå 2. mai er EU-delegasjonen å finne på ny besøksadresse: Schuman 6, som ligg på den andre sida av rundkøyringa for der vi er i dag. Postadressa blir ikkje forandra, den er framleis Rue Archimède 17, 1000 Bruxelles. Telefonnummera blir også dei same som idag. Sentralbordnummeret og alle direktenummer til dei tilsette vil bli uforandra.

Grunnen til flyttinga er at Statsbygg, som eig Rue Archimède 17, skal rehabilitere bygget. Rehabiliteringa vil ta om lag halvanna år.

NYE LOKALE: I om lag halvanna år vil EU-delegasjonen vere å finne i desse lokala på den andre sida av Schuman-rundkøyringa, der mellom anna Skottland har sin representasjon i dag. Foto: Erlend Engh Brekke/EU-delegasjonen

Konferansesalen
Så langt vi veit no, vil vi kunne halde fram å bruke konferansesalen på grunnplanet i 17 rue Archimède også utover sommaren og hausten 2007. Vidare bruk er førebels usikker, oppussingsarbeidet vil påverke dette.

NY FASADE: Renoveringa av Statsbyggs hus i Rue Archimède er eit samarbeid mellom det norske arkitektkontoret Hille Melbye Arkitekter AS og det belgiske arkitektkontoret Altiplan Architects S.C-C.V. Arbeidet er venta å ta omtrent halvanna år. Teikningar: Hille Melby Arkiktekter AS/Altiplan Architects S.C-C.V.

Send denne artikkelen til en venn  
Print version
Norge - delegasjonen til EU / Kontakt EU-Delegasjonen / Contact information
© 2003/2007