02.01.2007 :: Onsdag 3. januar: Utanriksministeren til Brussel
Utanriksminister Jonas Gahr Støre kjem til Brussel i morgon, onsdag 3. januar. Støre er invitert til å delta på eit høgnivåmøte om Somalia, i regi av det tyske EU-formannskapet.
- Tid: Kl 12.00
- Stad: Den tyske EU-representasjonen i Rue J. de Lalaing 8-14.
Det er dei europeiske landa i kontaktgruppa for Somalia som møtes, eit forum som blei oppretta etter norsk initiativ. Frå Tyskland deltek utanriksminister Steinmeier, frå Sverige utanriksminister Bildt og bistandsminister Carlsson, og frå Italia viseutanriksminister Sentenelli.
Storbritannia har ikkje sjå langt stadfesta politisk deltaking, men deltek på embetsnivå (politisk direktør). Solana er i Washington og blir representert av rådgjevar for spørsmål om Afrikas horn.
Frå Kommisjonen deltek kommissær Louis Michel.
Dersom det er interesse for det, er utanriksminister Støre tilgjengeleg for norsk presse i etterkant av den felles pressekonferansen.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Lene Dale Sandsten, .
Tlf. +47 9085 8114.