Presse

UKEMELDING – UKE 4

19.01.2007 :: Tysdag 23. januar
Helse- og omsorgsministern Sylvia Brusad kjem til Brussel for å ha møte med helsekommissær Markos Kyprianou. Det blir ein pressebrief ved EU-delegasjonen kl 11.15., møtet med Kyprianou er kl 17.30. Heile programmet for besøket er lagt ut på nettsidene, under Aktuelt / Politiske møter. .

Ansvarleg fagråd er Hilde C. Sundrehagen, tlf. 02 234 1180.
Pressekontakt er informasjonssjef i HOD, Ingrid Vigerust, tlf. 90 12 46 97.

Fredag 26. august
Utanriksminister Jonas Gahr Støre deltek på NATOs uformelle utanriksministermøte i Brussel. Møtet skal drøfte sentrale spørsmål knytta til utviklinga i Afghanistan og Kosovo. Etter eit norsk initiativ er også høgtståande representantar for FN, EU og Verdsbanken invitert til møtet. Drøftingane vil finne stad få dagar etter valet i Serbia 21. januar og kort tid før FNs sjefsforhandlar Ahtisaari legg fram sine forslag om Kosovos endelege status. Derfor vil det internasjonale samfunn sin langsiktige innsats for å bygge varig tryggleik og stabilitet vere eit sentralt tema.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Anne Lene Dale Sandsten, mobil 90858114.

FRAMOVER
• 30. jan   Miljøvernministeren møter sin tyske kollega i Berlin.
• 2. feb    EØS-komitémøte i Brussel.
• 5. feb    Finansministeren møter sin tyske kollega i Berlin.
• 5. feb    Statssekreær i UD, Raymond Johansen, kjem til Brussel.
• 16. mar EØS-komitémøte i Brussel.

Send denne artikkelen til en venn  
Print version
Norge - delegasjonen til EU / / Contact information
© 2003/2007