Aktuelt

1000 kvadratmeter sjømat

Kan ein selje fisk på same måten som vin? Ja, seier Roger Pedersen frå Innovasjon Norge i Alta. Derfor skal Finnmark dyrkast som merkevare i marknadsføringa av sjømat. Denne veka er han i Brussel - saman med åtte bedrifter på Finnmarkstanden under den store europeiske sjømatmessa.

24.04.2008 :: Roger Pedersen (Innovasjon Norge) og Einar Berg (Bugøynes Kongekrabbe AS) på Finnmarkstanden under sjømatmessa. (Foto: Rune Bjåstad)

- Det er naturleg for ein spansk vinprodusent frå Rioja-regionen å bruke Rioja i si marknadsføring. Noko liknande vil vi gjere, med "Sjømat fra Finnmark", fortel Pedersen. Bedriftene har framleis sin eigen merkevare, men dei blir del av ei større satsing.

European Seafood Exhibition har 1600 utstillarar frå 87 land, og det er kamp om merksemda. Men fordi Finnmark-bedriftene har slått seg saman, har dei fått eit messeområde på 90 kvadratmeter som dermed synest godt i landskapet. Her er ei god blanding av børsnoterte, større selskap og små bedrifter i oppstartfasen.

Bedriftene som er med på det marine innovasjonsprogrammet kan blant anna gjere seg nytte av ei trainee-ordning og kompetanseoppbygging innan marknadsføring. - Det er den viktigaste målsettinga med denne satsinga, å få bedriftene til å "tenke marknad", fortel Roger Pedersen frå Innovasjon Norge i Alta.

Statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og Kystdepartementet besøkte Sjømatmessa i Brussel, her på Finnmarksstanden saman med trainee Lill-Maren Møgster, Lina Jenset og Line Petersen. (Foto: Rune Bjåstad)

Totalt er det 55 norske bedrifter frå sjømatnæringa som er samla på 1000 kvadratmeter. Innovasjon Norge har vore sentrale i førebuinga og oppbygginga av den norske paviljongen. Opparbeidinga av utstillingsområdet byrja onsdag i førre veke, og var ferdig søndag.

Også statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og Kystdepartementet kom innom messa i går, og tok seg god tid hos dei ulike utstillarane. Besøket avslutta han saman med representantar frå Innovasjon Norge, Eksportutvalet for fisk og bedriftene, på taket av den norske paviljongen, der det er ein restaurant på 200 kvadratmeter.

Vidar Ulriksen deltok også på ei pressekonferanse i regi av Eksportutvalet. Les kva han sa på Regjeringen.no.

Send denne artikkelen til en venn  
Print version

Lerøy var også i år på plass med ein stor stand.Foto: Rune Bjåstad

Ulf Sørflaten frå Troll Fish AS, på Sjømatmessa 2008 i Brussel.Foto: Rune Bjåstad

Norge - delegasjonen til EU / Kontakt EU-Delegasjonen / Contact information
© 2003/2007