SINTEF leiar eit prosjekt som skal legge grunnlaget for kvar det første storskala varmekraftverket med CO2-handtering blir plassert. – Dette er det første prosjektet som kombinerer produksjon av hydrogen og elektrisitet og samstundes fangar karbondioksiden. Det er ei stor teknologisk utfordring, fortel Jens Hetland i SINTEF Energiforskning.
13.04.2007 :: Karbonfangst og karbonlagring (CCS) er eit viktig verkemiddel for å nå målet om å få ned mengda CO2-utslepp. Dei ambisiøse EU-måla om reduksjon av CO2-utslepp er avhengig av nytenking, forskning og utvikling for å lukkast.
Fleire norske forskningsinstitusjonar er med i eit av prosjekta som Europakommisjonen har sett i gong, inkludert Statoil, Hydro, Store Norske-konsernet, NTNU og SINTEF. Dynamis har ei ramme på 7,5 millionar euro, EU-stønaden er på 4 millionar euro. Her deltek forskarar og representantar frå industrien i tilsaman 11 land, for å finne svar på korleis ein kan løyse dei teknologiske utfordringane.

Prosjektet blir leia av SINTEF i Trondheim. - Vi skal identifisere og rangere den teknologien som finnast, fortel Jens Hetland i SINTEF Energiforskning. - Prosjektet skal mellom anna definere kva teknologiske løysingar ein skal velje for dei ulike brenseltypane naturgass og kôl. Og tru ikkje at kôl er kôl, seier Hetland, her finnast det mange ulike former og kvalitetar med ulike eigenskapar.
Forutan andre forskningsinstitusjonar er både teknologi-bedrifter og energi-selskap med i Dynamis. Ein bank er også mellom deltakarane, for å sikre at premissane for kommersiell drift av anlegget blir teke omsyn til.
Dynamis er første fase i Hypogen-prosjektet, eit europeisk storprosjekt for hydrogen- og elektrisitetsproduksjon. Det skal legge grunnlaget for eit storskala-anlegg som lagar både hydrogen og elektrisitet frå fossilt brensel, og samtidig fangar opp og lagrar karbondioksid (CO2).
Det starta i mars for eitt år sidan, og skal resultere i grunnlagsmateriale for Kommisjonens avgjerd i 2009. Dynamis skal gje svar på kvar det vil vere mest gunstig å plassere anlegget, og kva teknologi ein skal bruke.
Rett før påske hadde deltakarane sitt første årsmøte. Jens Hetland seier det er ei stor utfordring å leie eit slikt prosjekt. – Dette er eit prosjekt som krev profesjonalitet i alle ledd. SINTEF Energiforskning har tatt konsekvensen av det og prosjektet har derfor fått både personell og strukturar som skal til for å få dette i havn, seier Hetland.

CO2-lagringa skal vere permanent, eventuelt skal karbondioksiden brukast til å auke olje- og gassutvinninga.
- Den største utfordringa er utvilsomt å finne løysingar som gjer at det vil vere lønnsomt å drive slik energiforyning og samtidig fange opp og lagre gassen, fortel SINTEF-forskaren.
Den tekniske risikoen er også stor, anlegget blir komplekst og eit av krava er at det skal vere i drift 90 % av tida.
Dynamis har mellom anna som mål å sørge for at det innan 2012 skal vere mogleg å fange 90 % av CO2-utsleppet, og at det skal vere halvparten så dyrt som i dag å fange denne gassen.
[email protected]