Aktuelt

Politisk dialog på høgt nivå

Kommissær Benita Ferrero-Waldner deltok i dag under den politiske dialogen i forkant av EØS-rådets møte i Brussel. Tema for møtet var Kosovo, Midtausten og Afghanistan.

15.05.2007 ::

MØTTE EFTA-LANDA: Benita Ferrero-Waldner (i midten), kommissær for utanrikssaker og forholdet til EFTA-landa, tok sjølv initiativ til å delta. (Foto: Rune Bjåstad)

I den politiske dialogen, som føregår i forkant av sjølve EØS-rådet, stod det tre viktige utanrikspolitiske spørsmål på dagsorden. Det var først ei innleiing om Kosovo av det tyske EU formannskapet. Utanriksminister Jonas Gahr Støre innleia om Midtausten, medan det komande portugiske formannskapet i EU innleia om Afghanistan. 

Utanriksministren understreka i si innleiing at det er viktig at det internasjonale samfunnet no støttar opp under den palestinske samlingsregjeringa. Regjeringa må kunne demonstrere for folk at dei utgjer ein forskjell, viss ikkje kan den risikere å bryte saman. Utanriksministeren viste til at ein snarast råd må få etablert ein mekanisme som gjer det mogleg med meir normale bistandsoverføringar.

Utanriksministeren sa til norsk presse etter møtet at han opplever det som positivt at EU legg vekt på EØS-rådet, og at det er stor interesse for norske synspunkt spesielt innanfor klima og energi.

Ansvarleg kommissær for utanrikssaker og forholdet til EFTA-landa, Benita Ferrero-Waldner, hadde denne gongen sjølv uttrykkeleg sagt ifrå at ho var interessert i å delta. Ferrero-Waldner viste til at ho hadde møtt den palestinske utanriksministeren dagen før, og at det hadde vore eit godt og viktig møte. EU praktiserte det ho kalla ”a gradual engagement” overfor den palestinske samlingsregjeringa.

Frå det tyske formannskapet deltok den politiske statssekretæren Gernot Erler.

EØS-rådet er det øvste samarbeidsorganet mellom EU og EFTA-landa (Noreg, Island og Liechtenstein) på politisk nivå. Dette forumet møtest to gongar i året. EØS-rådet har som opppgåve å gje EØS-avtalen politisk framdrift og vurdere korleis avtalen samla sett verkar og utviklar seg.

Det tyske formannskapet ga lovord til Noreg sine ambisiøse klimamål, som Kommisjonen vona ville vere til inspirasjon for alle.

Partane sa seg nøgde med at det var semje om vilkåra for at dei to nye EU-landa Bulgaria og Romania blir medlemer av EØS. EFTA-landa fekk ros for å ha stilt midlar til rådvelde for økonomisk og sosial utvikling i dei to nye EØS-landa.

I tillegg var det eit ordskifte om klima og energi. Det var semje om få ned utslepp av klimagassar, ikkje minst i samband med energiproduksjon. Partane var og samde om at EØS-området, med EU og EFTA-landa, burde vera ein marknad for handel med utsleppskvotar.  Det arbeides for eit snarleg vedtak om at det såkalla kvotedirektivet tas inn i EØS-avtalen.

Send denne artikkelen til en venn  
Print version
Norge - delegasjonen til EU / / Contact information
© 2003/2007