Den kanskje viktigaste messa for norsk fiskeri- og oppdrettsnæring føregår denne veka i Brussel. Derfor er det heller ikkje unaturleg at den ansvarlege statsråden frå Noreg er tilstades på "European Seafood Exhibition 2007".
24.04.2007 :: Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen kjem til Brussel idag, og deltek på ei mottaking i residensen til den norske EU-ambassadøren ikveld. Arrangementet skjer i samarbeid med Lerøy Seafood Group, og det er invitert omlag 400 gjestar.
Onsdag skal statsråden delta på messa frå morgonen av, og mellom anna besøke fleire bedrifter på den norske fellesstanden.
Sjå heile programmet til ministeren her.
Sjømatmessa opna idag, og held open til og med torsdag.
www.euroseafood.com