Kunnskapsminister Øystein Djupedal er saman med den slovenske utdanningsministeren Milan Zver vertskap for ein uformell EU-ministerkonferanse om utdanning i Oslo i juni neste år. Tema er verdigrunnlaget og verdiformidlinga i skulen, og særleg den rolla skulen har for å fremje respekt, toleranse og dialog mellom kulturar.
04.10.2007 :: I tillegg til utdanningsministrar frå dei 27 EU-landa, er også ministrar frå EFTA-landa og Vest-Balkan venta til Noreg 5.-7. juni 2008. Konferansen blir arrangert i samarbeid med Slovenia, som skal ha formannskapen i EU våren 2008.
Tanken om å arrangere ein slik konferanse har kome gjennom samtalar det siste året mellom kunnskapsminister Djupedal og Slovenias utdanningsminister Milan Zver.
Ministerkonferansen har tittelen The Institutional Foundations for Dialogue and Respect og verdigrunnlaget og verdiformidlinga i skulen vil vere sentrale tema. Vidare vil ein drøfte korleis skulen kan fremje respekt, toleranse og interkulturell dialog. Gode erfaringar frå arbeid med eksempelvis religion i utdanninga, fleirspråkskunnskap og dialog mellom kulturar vil bli presenterte i konferansen. Eit mål for ministrane er å sjå på korleis ein sikrar samanheng og byggjer bru mellom nasjonal politikk og det som faktisk skjer i klasserommet.
Konferansen i Oslo vil ha alleuropeisk interesse og vere tett knytt opp til sentrale europeiske prosessar på utdanningsfeltet. Særleg er deltaking frå land på Balkan viktig for ei vidareføring av dialogen innanfor utdanning også med landa på Vest-Balkan.
- Både i Noreg og i EU blir det moderne samfunnet stadig meir fleirkulturelt. Det er viktig å klargjere dei mulegheitene og utfordringane som eit fleirkulturelt samfunn gir utdanningsområdet. EU-ministerkonferansen om utdanning i Oslo neste år vil vere eit godt høve til å utveksle erfaringar, slik at vi kan skape eit betre grunnlag for respekt, toleranse og interkulturell dialog, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal.