Aktuelt

"Ein unik sjanse"

Ein gong i året får to nordmenn sjansen til å delta på eit prestisjefullt besøksopplegg i EU. Ein av dei heldige i 2007 var Mekonnen Germiso, forskningsleiar i "Framtiden i våre hender". – Ein heilt unik sjanse, og ei svært lærerik veke, fortel han.

30.05.2007 :: EUs besøksprogram er kjent som eit prestisjeprogram med eit trangt nålauge. For Germiso var det klimaendringar, miljøpolitikk, berekraftig forbruk og handelspolitikk som stod sentralt.

- Eg trur eg har slite litt på DG Environment denne veka, seier han med eit smil. Frå mandag til fredag var han i Brussel, og deltok på eit breidt samansett opplegg i regi av EUs besøksprogram, "EU Visitors Programme". 

Og det har langtifrå vore berre generaldirektoratet for miljø som har fått besøk av 33-åringen. Germiso har fått møter om alle tema han hadde på ønskelista. Nivået på samtalepartnerane har vore høgt: Kabinettsmedlem Martijn Quinn hos miljøkommissær Dimas, Kommisjonens EØS-ansvarlege Matthias Brinkmann, fleire seksjonsleiarar i ulike generaldirektorat (DG), samt representantar frå næringslivs- og miljøorganisasjonar i Brussel.

- Programmet har gjeve meg heilt ny innsikt i høve til dei sakene Framtiden i våre hender (FIVH) jobbar med, seier Mekonnen Germiso, som har hatt møter om relevante tema som kvotehandelsystemet, berekraftig produksjon og forbruk. Spesielt synes han det har vore interessant å sjå korleis samarbeidet føregår, både mellom dei ulike generaldirektorata og innad. – Det verkar som konsensusmodellen i Kommisjonen fører til mykje jobbing på tvers.

Han synes han har fått innblikk i mange planar og initiativ som kan vere verdt å følgje opp frå FIVHs side. Til dømes vart FIVH oppfordra til å kome med innspel til ei grønnbok om miljøretta markedstiltak (Com 2007/140), og Germiso fekk også notert seg fleire datoar for komande grønnbøker, konferanser og møter der FIVH vil kunne bidra og delta.


- Det bør ikkje vere tvil om at eg er veldig nøgd med resultatet. Slike ein-til-ein-møter i fem dagar til ende får ein ikkje sjanse til å ha så ofte. Eg har lært veldig mykje på kort tid, no gjenstår det å omsette det til varig kunnskap for organisasjonen, konstaterer han.

EUs besøksprogram (EUVP) er retta mot unge menneske i land utanfor EU, som har utmerka seg som lovande på sitt felt. Det er Kommisjonens delegasjonar i desse landa som mottek søknadane og set opp ei liste med kandidatar. Tilslutt plukkar EUVPs Brussel-kontor ut kven som blir dei heldige.

Den andre norske kandidaten som er plukka ut i år, jobbar i Arbeiderpartiets internasjonale sekretariat. Ho heiter Kathrine Raadim og kjem til Brussel og Strasbourg i slutten av juni.

EUVP vart etablert i 1974, og er administrert og finansiert av Europaparlamentet og Europakommisjonen i fellesskap.

Send denne artikkelen til en venn  
Print version

Mekonnen Germiso, forskningsleiar i Framtiden i våre hender.Foto: Rune Bjåstad

Norge - delegasjonen til EU / / Contact information
© 2003/2007