Nederland har dei siste vekene fått nytt søkelys på seg i samband med den femten minutt lange filmen til Geert Wilders. Landet som er kjent for ytringsfridom og mangfald må nok ein gong velje kva prinsipp dei set høgast, skriv Nils Hallvard Korsvoll, som er denne ukens "Stemme fra Europa".
18.03.2008 :: For meg minner Wilders sin nye film mest om ei reprise av kontroversen i 2004 rundt kortfilmen ”Submission Part 1”, som var laga av Ayaan Hirsi Ali og Theo van Gogh.
Skilnaden er at initiativtakaren denne gongen ikkje er ei somalisk kvinne som representerar eit liberaldemokratisk parti i parlamentet, men leiaren for det høgrevridde Fridomspartiet. Og dei fleste seier seg einige i at ei kvinne som vaks opp i eit muslimsk land har klart meir truverd når det gjeld kritikk av islam enn ein kar frå Limburg. Så kva er det eigentleg Geert Wilders vil med ”Fitna”?
Då ”Submission Part 1” vart vist i 2004 var reaksjonane like høglydte, ikkje minst fordi den var laga av ein profilert politikar og ein av etterkomarane til Vincent van Gogh. Filmen er ein monolog, skriven av Ali, der ei kvinne skildrar korleis ho er bunden av muslimsk tradisjon. (Den kan sjåast via Google video, eller Youtube.) Debatten fekk ny fart då van Gogh vart drepen seinare det året, og skilde Nederland i ein leir for ytringsfridom og ein leir for toleranse. Det er desse skillelinjene som no vert pressa fram igjen med ”Fitna”.
Wilders lev, som Ali gjorde, under streng politibeskyttelse. Han slit med å få vist filmen sin på fjernsyn, og parlamentet vurderer å forby filmen. Så kva er det eigentleg han håpar å oppnå med ”Fitna”?
Eg har, som folk flest, enno ikkje sett ”Fitna”, men hovudbodskapen til Wilders går ut på at Koranen bør gjerast ulovleg på lik linje med Mein Kampf. I ein kronikk i De Volkskrant 8. august 2007 oppsummerar han argumenta sine med at Koranen er ei aggressiv og fascistisk bok som ikkje høyrer heime i eit demokratisk og fritt samfunn. Koranen oppfordrar til overgrep og det skiljet politikarar prøvar å setje opp mellom ’god’ og ’dårleg’ islam er naiv, skriv han. Samanlikninga med Hitler og Mein Kampf er ei Wilders verkar vere glad i. No er filmen ferdig og Nederland må, med over ein million muslimske innbyggjarar, på ny takle ein sår debatt rundt islam og ytringsfridom.
Blant mine venner her på universitetet vert Wilders omtala i direkte ufine ordelag. Men så var heller ingen av dei overlukkelege når han og Fridompartiet segla inn i parlamentet med ni representantar ved valet i fjor. Fridompartiet kjem vel aldri til å stå sterkt blant dei med høgare utdanning, men der Wilders møter massiv motstand hadde Ali opptil fleire som støtta ho.
Medan ”Submission Part 1” vart sett på som eit bidrag i samfunnsdebatten, om enn unødvendig provoserande, ser dei fleste på ”Fitna”, inkludert Ayaan Hirsi Ali sjølv, som pur provokasjon frå Wilders. Det er tydeleg at han vil prøve kor langt han kan tøye ytringsfridommen, og der er allereie ei rift i regjeringskoalisjonen om korleis dei skal handsame filmen. I det private er folk mest flaue over å nok ein gong kome i internasjonalt søkjelys på grunn av antimuslimske politikarar.
Flau ser ut for å vere stikkordet for denne episoden. Det verkar som Wilders ville kopiere Ali og van Gogh i å produsere eit provoserande tilskot til samfunnsdebatten, men han lukkast ikkje å kome med noko nytt. Einaste resultatet er at han fordømer trua til kvar femtande nederlendar og får skrudd terrorberedskapen eit par hakk opp. Eg gjer som mange nederlendarar; ristar oppgitt på hovudet og undrar ’kva er poenget?’ Og gler meg til verda har gløymt ”Fitna”.